onsdag 11. februar 2009

Saman er ein mindre aleine

”Saman er ein mindre aleine” av den franske forfattaren Anna Gavalda vart publisert i 2004. Romanen vart omsett til nynorsk av Tove Bakke i 2005, og utgjeven av Det Norske Samlaget.
Romanen handlar om fire gåverike personar som ikkje finn si rette plass i samfunnet. Franck, ein dugande kokk, Camille, ei vaskekone som er veldig flink til å teikne, Paulette, ei gammal bestemor og Philibert, ein postkortseljar som fær åt som dei gjorde på 1700-talet. Dei er einsame menneske som alle lever i ein illusjon om at dei kan klare seg aleine, og prøver å gje inntrykk av sjølvtryggleik. Etter kvart finn dei kvarandre og hjelper og stør kvarandre. Gradvis finn dei ut at dei treng andre menneske for å leve eit meiningsfylt liv. Og nett dette er bodskapen i boka; menneska treng kvarandre, og saman er ein mindre aleine. Slik sett er boka ein kjærleiksroman.
Handlinga går føre seg i vår tid, først og fremst i Paris ved området rundt Eiffeltårnet. Mye av handlinga er lagt til i ein stor, gammal og stilig bustad frå 1700-tallet med mykje historie i veggene.
La deg ikkje skremme av at boka er på 612 sider og er skriven på nynorsk; den er lettlesen, humoristisk og medrivande. Kvar karakter har sin særskilde måte å snakke på, noko som gjær boka særs levande. Eg vil rå alle frå om lag 14 år til å lesa denne romanen, både til gutar og jenter. Eg lika boka særs godt fordi du kjem tett inn på personane og sjølv om dei er noko uvanlege og rare, så blir du glad i dei. Eg klarte nesten ikkje å leggje frå meg boka.

Ingen kommentarer: